[% INCLUDE 'header.html', title = loc('Frequently Asked Questions') sidebar='about/_sidebar.html' %]

Ofte stilte spurnader

Kva er FiksGataMi?
FiksGataMi er ein nettstad for å hjelpa folk til å rapportera problem, visa, eller diskutera lokale problem dei har funne i området sitt ved ganske enkelt å finna dei på eit kart. Du kan melda problem utan å tenkja på kva for ei offentleg styresmakt som er ansvarleg for å løysa det, det finn FiksGataMi ut for deg.
Kva slags problem kan eg rapportera med FiksGataMi?
FiksGataMi er primært for rapportering av ting som er øydelagd, skadd, dumpa eller treng å verta reparert, reingjort eller rydda. Dette kan til dømes vera:
Kva er FiksGataMi ikkje?
FiksGataMi er ikkje ein måte å koma i kontakt med offentlege styresmakter for alle spurnader – ver venleg og bruk FiksGataMi berre for problem som dei nemnt over. Du må kontakta offentlege styresmakter direkte for problem som til dømes:
Korleis brukar eg nettstaden?
Når du har skrive inn postnummer eller stad, får du presentert eit kart over det området. Du kan sjå problem allereie rapportert i dette området, eller rapporten sjølv på eiga hand ved å klikka på kartet for plasseringa av problemet.
Korleis vert saka løyst?
Saka vert meldt til offentlege styresmakter via e-post. Saka vert så handsama på normal måte. Alternativt kan du diskutera problemet på nettstaden med andre, og då saman påverka offentlege styresmakter til å fiksa det, eller fiksa det direkte sjølv.
Er det gratis å bruka fiksgatami.no?
Ja, nettsida er gratis å bruka. FiksGataMi vert driven av NUUG, skjønt, viss du ynskjer å gje eit bidrag, kan du gjera det.
Kan eg bruka FiksGataMi frå mobilen min?
Viss mobilen har nettlesar kan du fint bruka tenesta frå mobiltelefon. Det vert jobba med å skaffa finansiering til å tilpassa iPhone- og Android-apps til norske tilhøve for å gjera det endå enklare å rapportera frå smart-telefonar.
Praktisk informasjon
FiksGataMi er ikkje ansvarleg for innhaldet i materialet som brukarane sender inn, eller for at det feilfritt. Vi tek atterhald om retten til å redigera eller fjerna eventuelle problem eller oppdateringar som vi ser på som upassande, fyrst og fremst etter at ein brukar på nettstaden har informert oss.
Kvifor finn eg ikkje stadnamnet mitt?
Tenesta brukar namnesøk hos Google Maps for å lokalisera stadar. Viss Google Maps har manglar i stadnamndatabasen sin, vil me ikkje finna staden, eller senda deg til feil plass. Tilsvarande søk på Google Maps (etter t.d. «Slogvær, Norway») vil òg feila. For å fiksa det må ein ta kontakt med Google.
Eg finn ikkje gata mi på kartet, kvifor brukar de ikkje Google Maps? / Det er noko gale med kartet, kor rapporterer eg det? / Kvifor brukar de ikkje Google Maps? / Kor rapporterer eg feil eller manglar i kartet?
Kartane i FiksGataMi kjem frå OpenStreetMap (OSM). OSM er fritt og laga og styrt av brukarane, veldig likt Wikipedia. Føremonene med OSM er mange, t.d. du enkelt vera med på å utbetra karta, og leggja til detaljar og informasjon som ikkje er tilgjengeleg på andre kart. Men sidan kartet er laga av brukarane er det ikkje sikkert alle gatene er teikna inn der du bur. Vi oppfordrar alle til å involvera seg i OSM direkte, men dersom dette ikkje er aktuelt for deg kan du rapportera feil og manglar på Mapdust, og dersom du vel kategorien «Missing street», kan du be om at bidragsytarane legg til ein veg.
Kor finn eg FiksGataMi på sosiale media?
FiksGataMi er tilgjengeleg på Facebook og Twitter.
Korleis rår FiksGataMi-gruppa det offentlege til å handtera problemrapportar?
Vi har skrive ei side med tips til offentlege verksemder som mottek meldingar frå FiksGataMi for svar på vanlege spurnader vi får frå det offentlege, og litt om kva vi rår til.

Spurnader om personvern

Vil eg motta reklame eller anna uønska epost?
Det vil ikkje skje. Vi sender deg ein epost viss det skjer ei oppdatering på dei problema du har meldt inn, men vi vil aldri senda deg e-post i høve med noko anna ein dei problema du abonnerer på eller har meldt inn.
Kven får å sjå e-postadressa mi?
Viss du melder inn ei sak, lagrar vi detaljar om saka, vi sender samstundes ei melding til kontakten eller kontaktane hos den relevante styresmakta som er ansvarleg for området der saka er geografisk lokalisert. Meldinga vert sendt til offentlege styresmakter som følgjer offentleglova og vil gje kvar og ein innsyn i meldinga og e-postadressa etter dei gjeldene lovane og reglane. Vi i FiksGataMi vil ikkje under noko omstende gje eller selja e-postadressa di til nokon andre.
Kven står bak FiksGataMi?

Foreininga Norwegian Unix User Group (NUUG) står bak og driv FiksGataMi. Nasjonalt kompetansesenter for fri programvare og Servicesentret til Departementa bidreg med finansiering av prosjektet.

Organisasjonen mySociety i England har drive og utvikla nettstaden FixMyStreet sidan 2007. Programvara for FiksGataMi vert idag driven basert på den same programvara, og utviklinga føregår som eit samarbeid mellom NUUG i Noreg og mySociety i England. FiksGataMi er i så måte eit internasjonalt prosjekt.

Programvara bak denne nettstaden er fri programvare, og er tilgjengeleg i hovudsak under programvarelisensen GNU Affero GPL. Du kan lasta ned kjeldekoda og hjelpa oss å utvikla det. Du må gjerne bruka han i eigne prosjekt, men du må òg gjera tilgjengeleg kjeldekoda til slike prosjekt.

NUUG låner Varnish-tenesta til VG Nett for auka yting, og er svært takknemlege for at VG Nett bidreg med dette.

[% INCLUDE 'footer.html' %]